Vinterles 2023

Vinterles 2023

Bli med på Vinterles, vår årlege lesekampanje for vaksne!
Vinterles varar frå 10. januar til 1. april, og for å vera med må du lese minst tre bøker i denne perioden. Kom innom biblioteket og få med deg ei brosjyre. 
 
I brosjyra finn du ein bokbingo og ein svarslipp, og i år har du to alternativ om du vil vera med på Vinterles. 
 
Alternativ A: Bli med på bokbingo. 
Alternativ B: Les 3 bøker og fyll ut skjemaet på baksida. 
Du kan sjølvsagt gjere begge delar! 
 
Slik blir du med på bokbingo: Les eller høyr bøker og fyll inn tittel i rutene. Kvar bok kan bli brukt to gonger. Du får bingo når du har fylt ut ei rad med 5 ruter vassrett, loddrett eller diagonalt. Du kan få bingo fleire gonger på same skjema, fyll gjerne ut heile skjemaet! Titlanevere bøker du har lese i perioden 10. januar til 1. april 2023. 
 
Lever skjemaet på biblioteket innan 1. april, og ver med i trekking av flotte premiar frå Omattgjort på Geilo. 

Språkvelger