Folkemusikkveka 25.-28. mai

Folkemusikkveka 25.-28. mai

Folkemusikkveka er ein årleg folkemusikkfestival fylt med musikk, dans, fest og folkeliv på Sundre i Ål.

Folkemusikkveka kan friste med ekte cajunfest, bluegrass på norsk, einradarstafett, låttetralling, jubileumskonsert for to legendariske gammaldansorkester, folkemusikk-klubb fredag og laurdag, kurs i dans og song og mykje meir.

Her finn du årets program

I programmet finst òg faste postar, som Kyrkjekonserten, Fanitulltevlinga og Bygdamønstringa. Desse arrangementa er sjølve ryggrada til festivalen, og arrangørane er stolte av å vidareføre og vidareutvikle slike tradisjonsrike programpostar.

Billettar kan kjøpast her: Ål kulturhus - Kulturprogram

Språkvelger