Filmoteket
Lån film frå biblioteket – på nett!
Lån film frå biblioteket – på nett!
Den nye måten å låne film frå biblioteket!
No kan du bruke bibliotekkortet ditt til å låne spelefilmar frå biblioteket si eiga filmstrøymeteneste, Filmoteket. Her kan du velje blant norske og internasjonale titlar for barn, ungdom og vaksne. Du vil finne både klassikarar og nyare filmar, store Oscar-vinnarar og smalare kvalitetsfilmar.
– Du kan låne inntil tre filmar i månaden.
– Lånte filmar har du tilgang til i 48 timar, på alle plattformar, i alle dei kjente nettlesarane. Du kan overføre filmane til større skjerm via AirPlay eller Chromecast.
– Du må registrere deg på Filmoteket for å sjå film. Det er er heimebiblioteket ditt som leverer tenesta.
Kom i gang med Filmoteket:
- Gå til www.filmoteket.no
- Vel Logg inn i menyen
- Klikk på Registrer ny brukar
- Tast inn lånekortnummeret ditt og passord. Her brukar du same passord som på hallingdalsbiblioteka.no
- Fyll inn e-postadresse og vel eit passord. Dette passordet brukar du når du skal logge inn på Filmoteket.
- Sjekk e-posten din, og stadfest registreringa.
- Snurr film!