Bulyst på Ål bibliotek i haust

Bulyst på Ål bibliotek i haust

Ål bibliotek og Bulyst-prosjektet i Ål kommune arrangerer ei ny arrangementsrekke med uformelle kafémøter og forfattarkveldar denne hausten, der me set søkjelys på det å vere og gjere ting annleis på bygda.

Kva skal til for at folk trivst i og blir buande i Ål? Det er mange faktorar som spelar inn, men opne sosiale arenaer og kjensla av å verte inkludert og respektert er utan tvil viktig. Me spør: Kva kan me i Ål gjere for at alle skal oppleve bygda som raus og inkluderande? Og korleis legg me til rette for nye og spennande idear?

Når butikkane stenger og alle går heim …

Det første møtet skjer 22. august kl. 19.00. Tema for kvelden er møteplassar og korleis me kan få levande, myldrande sosiale møteplassar i Ål der alle kjenner seg velkomne. Kva ynskjer unge vaksne? Kva kan den enkelte gjere? Kva tilbod finst allereie og kvifor er det så vanskeleg å drive utestader i Ål? Tanken Coworking vil presentere deira planer og idear for meieribygget framover, og det blir også presentasjonar frå andre som skapar sosiale arenaer. Etter presentasjonane blir det drøfting og debatt med politikarar, eldsjeler, kommuneadministrasjon og tilflyttarar. Me satsar på at dette blir eit uformelt møte med stor takhøgde!

Forfattar Bjørn Hatterud gjestar Ål bibliotek


26. september kl. 19.00 vert det litterær bulystkveld med Bjørn Hatterud. Hatterud er skeiv, funksjonshemma og klassereisande. Korleis var det for han å vekse opp på bygda? Og kva må til for at alle skal kjenne seg inkluderte og oppleve tilhøyre der dei bur? Hatterud har skreve bøkene Mot normalt (2018), Mjøsa rundt med mor (2020) og Blokka på Bjerke (2023) som alle skildrar det å vere ein minoritet i samfunnet.

Arrangementa 22. august og 26. september vil bli tolka for høyrselshemma.

Tørre å satse annleis på bygda

Det vert eit nytt kafémøte 17. oktober kl. 19.00. Dette blir eit ope møte til inspirasjon og med informasjon til deg som har ein idé du vil sette ut i livet. Kva må leggast til rette av kommune og bank når ein skal gründe eit konsept eller ei bedrift? Kva nettverk trengs, og kva finst? Kva er utfordringane – og moglegheitene? Hit kjem òg lokale politikarar, kommuneadministrasjon, etablerersenter, kunstnarar og kreative gründerar. 

Litterær bulystkveld med Ewa Sapieżyńska

Korleis er det eigentleg å vere ein minoritet i bygda vår? 21. november kl. 19.00 blir det nok ein litterær bulystkveld. Denne gongen kjem forfattar og sosiolog Ewa Sapieżyńska til Ål bibliotek for å snakke om polakkar i Noreg, med utgangspunkt i den kritikarroste boka Jeg er ikke polakken din (2022). Ewa Sapieżyńska er éin av mange tusen polakkar i Norge. Boka er hennar bekymringsmelding og kjærleikserklæring til landet ho har gjort til sitt eige. Gjennom si eiga historie, og i møte med andre polakkar i Norge, gir Sapieżyńska oss eit unikt innblikk i landets største innvandrergruppe.

Alle arrangementa har sjølvsagt gratis inngang.

Velkomen!

Språkvelger