BookBites

BookBites

Lån e-bøker og e-lydbøker gratis fra biblioteket

Bookbites – ein app for å låne e-bøker og e-lydbøker

Bookbites er biblioteka sin app for å lese og låne bøker og lydbøker. Det er gratis å låne bøker i Bookbites-appen, og du treng lånekort frå biblioteket for å bruke den.

Du kan ha tre lån samtidig, og kvart lån har ei lånetid på fire veker. Appen har automatisk innlevering av boka ved forfall, men lever gjerne med ein gong du er ferdig.
Av økonomiske grunnar kan du ikkje låne meir enn 8 e-lydbøker i månaden. Dette går ikkje på kalendermånad, men frå dato du lånte første lydbok. Til dømes: Lånte du fyrste bok 5. januar, vert sperretida oppheva 5. februar.
Du kan låne så mykje du vil av vanlege bøker.

Du må laste ned bøkene medan du er på nett, men kan lese dei utan nettilgang (offline).

Korleis tek eg det i bruk?

  1. Du treng epost-adresse og lånekort. Har du ikkje lånekort, får du det på biblioteket.
  2. Last ned appen Bookbites Bibliotek frå App Store eller Google Play.
  3. Lag ein brukar med epost-adresse og passord, eller via Google- eller Facebook-kontoen din.
  4. Logg inn med lånenummer og pinkode frå biblioteket.
  5. Finn e-bøker eller digitale lydbøker, last ned og les eller høyr.

Les meir om Bookbites her: https://www.bibsent.no/bibliotekprodukter/bookbites

Språkvelger